Årsmelding

ÅRSMELDING 2011
AUSTEGDELAGET
Årsmelding frå styret for år 2011 - det 92. arbeidsåret.

Etter årsmøtet 13. januar 2011, har styret i Austegdelaget vore samansett slik:
Leiar:              Mia Slotta
Nestleiar:        Gunvor Liltved
Skrivar:           Helge Ove Tveiten
Kasserar:         Olav Ytrehus
Styremedlem: Hildur Ljosland
1.varamann:    Ellen Gunneng
2. varamann:  Åse Marie Mikelsen
3. varamann:  Aud Olsbu
 
Laget hadde ved årsskiftet 41 medlemmer.
 
Styret har i 2011 hatt to samrådingsmøter, men det har ikkje blitt kalla inn til ordinære styremøter. Styret har hatt kontakt og drøfta saker som har dukka opp enten via telefon eller på kurskveldar på onsdagane. Den største saken har vore eventuell sal av Huset, og dei fleste medlem av styret har vore med i «husgruppa» som har hatt mange møter.
 
Kurs/leikøvingar
Kl. 1900-21300: Stildans med Lister Heggland som instruktør.
Harald Heggland har teke ansvaret for songdansane. Hyggeleg kaffipause 2000-2030 med heimbakte kaker som medlemmene har baka etter tur.

Huset
Arendal Swingklubb har i 2011 leigd huset alle måndagar, 24 torsdagar og 2 langhelger. Det vart og leigd ut ein laurdagar i desember til ein firmafest og ein kveld til Aust-Agder Turistforening og ein kveld til Arendalskoret.
Sal av huset blir tatt opp som eige sak på årsmøtet.

Aktivitetar i laget
Laurdag 8 januar:        Minijolegilde på Huset.
Onsdag 16. februar:    Dansekveld med Trekkspillklubben.
Onsdag 2. mars:         Programkveld – En reise i Armenia.
Torsdag 23. mars:       Programkveld - Pilegrimsvandring – Camino Sandiago de Compostela.
Måndag 17. mai          gjekk me i folketoget under AAUL si fane.
Onsdag 19. mai          Vandring på Merdø
2.-5. juni 2011             reiste 4 medlem av laget til Kalmar på vennskapstreff.
Onsdag 15. juni           hadde me den årlege turen til Gunvor si hytte på Tromøy.
Laurdag 18. juni           var me deltakarar under ”Kjæmpestaden”, og dansa stildans saman med  publikum på Kanalplassen og me deltok i draktparaden..
27.-30. juli                     Fylkesringen arrangerte treff med folklorevener frå Madeira og me hadde
deltakare med på framsyning i Lillesand, Arendal og Holmen gård og stilte Huset til disposisjon og var med å ordne med mat til deltakarene.               
18. august:                  Grillfest hos Anne Lise og Sigurd Venemyr.
Onsdag 7. september Vandring langs Lillelv
11. september:            Tyttebærtur til Hestkleiv i Skjeggedal.
Onsdag 26.oktober     Panfløytekonsert på Huset og kompefest.
Laurdag 12. nov.        hadde me informasjonsstand på ”Frivillighetsdagen” i Arendal kulturhus
å dansa stildans. Etter me var ferdige på Kulturhuset, hadde me ein framsyning på Myratunet.
 
Når det gjeld detaljert oversyn over aktivitetarviser, viser me til dei vedlagde årsmeldingane frå nemndene som blir gjennomgått på årsmøtet.

17. mai kafé
Det var i år styret og festnemnda som hadde ansvaret for kafeen på Huset. Kafeen 17. mai er vårt best besøkte arrangement.

Stildans
Laget har og hatt deltakarar på ball fleire stader i året som har gått
Harald og Lister Heggland representerte Austegdelaget på en framsyning i Drammen.
 
Lotteri/grasrotandelen
Me har hatt lotteri på dei fleste onsdagane våre i 2011, og me har og fått midlar frå grasrotandelen. Det er blitt ei god kjelde til inntekter for laget.

Representasjon/utsendingar
Mia Slotta er kontaktperson for Fylkesringen.
Austegdelaget er medlem av Folkeakademiet i Arendal. Harald Heggland er leiar i styret, Gunvor Liltved er sekretær.
Sonja Rørvik og John Seldal er med i bunadnemnda i Aust-Agder Ungdomslag.
Austegdelaget er representert i Fylkesringen.
Helge Tveiten og John Seldal var med på årsmøtet til Aust-Agder Mållag på Hornnes og Helge Tveiten deltok på haustseminaret til Noregs Mållag på Lista. 
 
Kven veit
Me hadde eit lag med i kven veit.

Heimeside
Austegdelaget har eiga heimeside med adresse www.austegdelaget.org. Mia Slotta er redaktør.
Styret vil rette ein hjarteleg takk til medlemmene våre som gjer ein stor innsats med tillitsverv, dugnader, kakebaking, loddkjøp og innsats ved ulike tilstellingar. Det er denne innsatsen og oppmøte ved danseøvingar og andre arrangement som gjer at Austegdelaget er liv laga.

Styret